Politikerlisten
Tilbake til representant

Spørsmål

2.01.0Datert: 2025-12-10

Tittel

Mitt spørsmål går til digitaliseringsministeren. Tekoligark er kåra til årets nyord av Språkrådet. Det fortel mykje om maktforskyvingar vi opplever i verda no. Ekstra tydeleg er dette når det gjeld kunstig intelligens. Tekoligarkane bak Amazon, Google, Palantir og Microsoft har investert mykje i å etablere datasenter og modellar for kunstig intelligens, for å sikre seg marknadsdominans. Dei har ei stor interesse i å promotere bruken av teknologien og bruker mykje innsats på å forkynne moglegheiter teknologien kan gi. Kunstig intelligens har openbert nytteområde, men vi har også mange eksempel på at det er skadeleg ukritisk å ta i bruk kunstig intelligens i det offentlege. Regjeringa har ei målsetjing om at alle offentlege verksemder skal nytte seg av kunstig intelligens. Vanlegvis ønskjer ikkje regjeringa å ta i bruk teknologi for teknologiens eiga skuld, men kunstig intelligens skil seg tydelegvis ut. Auka bruk av kunstig intelligens i dag betyr i praksis at vi gir frå oss kontroll over data og kanskje til og med avgjerder til store, amerikanske teknologiselskap. Vi ser stadig nye bekymringsfulle uttaler frå tekoligarkane og frå politiske leiarar i USA, som ønsker å bruke teknologien på tvers av Noregs interesser. Palantir, som statsråden nyleg hadde møte med, blir assosiert med folkemordet i Gaza og overvaking av migrantar og opposisjonelle i USA. Kva vurderingar gjer statsråden seg om det er område vi ikkje bør ta i bruk KI på i dag, og er nokre type leverandørar – amerikanske, kinesiske eller andre – vi bør styre unna av omsyn til norske interesser?

Detaljer

Fra:
Marius Langballe Dalin
Til:
Karianne O. Tung
Rolle:
digitaliserings- og forvaltningsministeren
Besvart av:
Karianne O. Tung
Besvart dato:
2025-12-10