Spørsmål
Tittel
Mitt spørsmål går til samferdselsministeren. Svalbard er viktig for Noreg. Ikkje minst i dagens sikkerheitspolitiske situasjon er det heilt avgjerande at infrastruktur og kvardagsliv fungerer på Svalbard. Senterpartiet meiner at Svalbard skal vera det familiesamfunnet som Stortinget har bestemt at det skal vera. I dag er situasjonen at innbyggjarane i Longyearbyen ikkje kan drikka vatn frå springen, og i den einaste daglegvarebutikken i Longyearbyen er det tomme hyller på grunn av manglande forsyningar. Vareforsyning til øygruppa går med båt, og i tillegg har Posten hatt fraktefly som fram til 2025 har frakta mat til Svalbard. No er båten til reparasjon, ingen veit når neste båt kan koma, og Posten har slutta å fly varer til Svalbard med fraktefly. Det rammar altså transporten av mat. Resultatet er tomme butikkhyller. Det er omtrent ikkje til å tru. Då er mitt spørsmål: Er Arbeidarpartiet fornøgd med ein situasjon der butikkhyllene på Svalbard er tomme for mat, eller vil regjeringa ta grep for å sikra at det framover er mat i butikken?
Detaljer
- Fra:
- Geir Pollestad
- Til:
- Jon-Ivar Nygård
- Rolle:
- samferdselsministeren
- Besvart av:
- Jon-Ivar Nygård
- Besvart dato:
- 2026-01-14