Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti · Rogaland
Født 1977-04-15
Komiteer
Siste voteringer
Siste spørsmål
Kva vil regjeringa gjera for å hjelpa norske laukbønder som blir ramma av innføringa av EU-forordninga om grenseverdiar av kadmium, i 2026?
Eg vil gjerne utfordra næringsministeren på industripolitikk. Noreg har vore ein industrinasjon i meir enn 100 år. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv industripolitikk. Vannkrafta og olja skulle koma fellesskapet til gode og vera grunnlaget for industriproduksjon i norske lokalsamfunn – ikkje bli selde uforedla ut av landet. Dei ti oljeboda tidleg på 70-talet stilte krav om lokalt innhald, teknologioverføring og lokale ringverknader, og sånn skapte me den leverandørindustrien som sysselsette størstedelen av dei som jobbar i olja. Fellesskapet tok gjennom staten ansvar for å sikra verdiskaping og skapa arbeidsplassar. Så blei den aktive industripolitikken lagt i skuffen. Dei siste tiåra har mantraet både i Noreg og i andre vestlege land vore at marknaden, frihandelen og lågast mogleg pris skal bestemma kvar og korleis industriproduksjonen skal skje. Og resultatet ser me jo: EU er i ferd med å bli avindustrialisert, Asia har teke over, og plutseleg oppdagar me at me er sårbare. Både leverandørindustrien og fastlandsindustrien har tøffe tider no. Rosenberg i Stavanger har allereie gjennomført ei stor nedbemanning. Ved Aker i Verdal kan 300 mista jobben, og jernlegeringsindustrien er i ein dobbelt skvis av høge straumprisar og EU-toll. For å sikra og styrkja den norske industrielle ryggrada treng me meir enn frihandel og det å la marknaden rå. Norsk industri kan ikkje alltid tilby den lågaste prisen, men kan gje god kvalitet, låge klimautslepp og vera med på å byggja samfunn og velferd. Spørsmålet mitt er: Vil regjeringa opna skuffen med alle reiskapane i den aktive industripolitikken og sørgja for at Noreg framleis skal vera ein avansert industrinasjon?
Kva ansvar meiner statsråden staten har for å sikra akutt- og ambulanseberedskap ved Haugesund lufthamn Karmøy, når drifta er sett bort til eit privat selskap utan økonomisk bereevne til å ivareta samfunnskritiske funksjonar, og vil statsråden ta initiativ til å sørgja for at nødvendig beredskap kjem på plass att uavhengig av konsesjonsmodell og betalingsansvar?
Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare forverra. Kva vil utanriksministeren gjera for å sikra Manal og Tamara - som Noreg har påtatt seg særskilt ansvar for gjennom medisinsk evakuering - den grunnleggande menneskeretten det er å ha eit familieliv?
Kva er det rettslege grunnlaget for dispensasjonar som slepp havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, og vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av dispensasjonspraksisen for å sikra at han er i tråd med Stortingets intensjonar knytt til sjøsamiske interesser, kystfiskarar og vern av sårbare bestandar?
Regjeringa føreslår å fasa ut ordninga «Noregskunnskap i utlandet», som finansierer utanlandslektorane. Utanlandslektorane underviser i norsk språk, litteratur og kultur, i tillegg til å vera sentrale i kulturarbeid i dei landa dei arbeider i. Korleis vil statsråden grunngi å fasa ut ei ordning som har tent Noreg godt sidan tidleg på 1950-talet?
Kva er grunngivinga for regjeringas skambod på 8G som kompensasjon til oljepionerane?
Eg viser til statsrådens møte med Zambias president Hakainde Hichilema i juli, der tema var djupare samarbeid mellom landa. Som ledd i dette arbeidet, vil regjeringa ta initiativ til å gjenopna ambassaden i Lusaka slik Zambia ønskjer?
UDI har nekta visum til 15 palestinske studentar som er tatt opp ved Universitetet i Stavanger. Visumnekten har også råka andre institusjonar, som dermed har sett seg nøydd til å slutta med utveksling av studentar og tilsette. Slik utveksling er avgjerande for å kunna bidra til kunnskap og kompetansebygging i Palestina. Vil regjeringa sørga for at UDI viser betre skjøn i vurderinga av visumsøknader?