Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet · Møre og Romsdal
Født 1968-02-17
Komiteer
Siste voteringer
Siste spørsmål
Korleis kan landbruksministeren forklare at departementet no legg fram eit forslag til forskrift ang viltlova der grunnlaget som no vert lagt fram ang bruk av termisk kikkertsikter på Hjortejakt, IKKJE er i tråd med verken debatten i Stortinget ikring dette eller vedtaket som eit stort fleirtal vedtok ang dette i Stortinget, der Termisk kikkertsikter fortsatt skulle vere lovleg å bruke på Hjortejakt heilt utan begrensningar eller byråkrati, har regjeringa tenkt å følge Stortinget sitt vedtak?
I svar på spørsmål angåande Møreaksen frå Monica Molvær svarer statsråden at Statens vegvesen skal utgreie tunell forbi Molde til Julsundet til mange milliardar kroner, som ikkje er i NTP, og som i realiteten betyr at ferjestrekninga Furneset–Molde vert flytta til Julsundet, med ein gedigen omveg for alle som skal igjennom fylket. Samtidig ynskjer ikkje statsråden å løfte ein finger for ei av dei farlegaste vegstrekningane i Noreg, E-39 Solevågseidet–Moa. Bør ikkje statsråden heller prioritere å få ned talet på hardt skadde og drepne i trafikken?
Kan samferdselsministeren leggje fram kva planar Statens vegvesen har for døgnkvileplassar på dei to omtalte strekningane?
Har samferdselsministeren gjort noko for å sørge for vinteråpne toalettforholda på strekninga rv. 15 frå Stryn til Otta?
Kan statsråden gjere greie for når dette vedtaket i Stortinget er tenkt gjennomført frå statsråden og regjeringa sin side?
Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over auken og endringane i kollektivkontraktene, frå konvensjonelt drivstoff til nå nullutslipp, satt opp og synelggjort for heile landet, synleggjort ved samtlige kollektivkontrakter som er inngått?
Kostnaden på drifts- og vintervedlikehaldskontraktar har gått til himmels dei siste åra, og dette blir ikkje stort betre ved at Statens vegvesen no også ønskjer at el-brøytebilar skal inn i desse kontraktane. Kan statsråden gjere greie for kvifor desse kontraktene har auka så mykje i pris, og samtidig leggje fram kva kostnadsauken blir dersom el-lastebilar også skal nyttast til vintervedlikehald?
Kan samferdselsministrene gjere greie for korleis drifts og vedlikeholdskontraktene for veg er bygd opp, med kva profil, volum og økonomisk grunnlag dette er lagt til grunn, satt opp for både Staten vegvesen og Nye veier as sine drifts og vedlikeholdskontrakter, for perioden 2021- fram til i dag gjeldande heile landet?
I svar på skriftleg spørsmål tek statsråden ingen sjølvkritikk for at han har utnemnt direktøren i Polaris Media til ny styreleiar i Helse Midt-Noreg, ei utnemning som openbert må innebere habilitetsvurderingar opp mot media si uavhengigheit i viktige samfunnsspørsmål. Dette har skapt svært stor debatt i regionen. Det blir «som å setje Mikkel Rev til å passe hønsegarden». Forstår ikkje statsråden det alle andre forstår, at utnemning av direktøren i Polaris Media til ny styreleiar i Helse Midt-Noreg er sterkt problematisk?
Vil samferdselministeren prioitere nødvendige løyvingar til Statens vegvesen region midt for snarleg planlegging og utbygging av nye ferjekaier på Molde og på Furneset som holder nødvendig framdriftsplan, samt generelt styrke ferjefinansieringa for ferjedrifta i regionen?