Erling Sande
Senterpartiet · Sogn og Fjordane
Født 1978-11-07
Komiteer
Siste voteringer
Siste spørsmål
Korleis vil statsråden sikre avgangselevane ved Jotunheimen privatistskule rett til førstegongsvitnemål i tråd med Stortinget sitt vedtak?
Er statsråden samt i at det framstår urimeleg strengt at eit selskap som både har vore og framleis er i front for å etablere utsleppsfri transport og reiseopplevingar ikkje vert innvilga dispensasjon i ein kort periode på grunn av hendingar som ligg utanfor selskapet sin kontroll?
Kan statsråden gje eit oversyn over korleis dei tildelte statlege forskingsmidlane fordeler seg på mottakarar i dei 19 valkrinsane i Norge?
Kan statsråden gi en oppdatert oversikt på kommune- og fylkesnivå over hvor mange som har søkt om sletting av studiegjeld etter den nye ordningen med sletting av studielån i 189 distriktskommuner samt Nord-Troms og Finnmark per 1. februar 2026?
Ein fersk rapport frå Menon Economics peikar på språkbarrierar som ei særleg utbreidd utfordring for utanlandske forskarar. Dette var ei av årsakene til at Senterpartiet i regjering innførte krav om norsk språkopplæring for utanlandske stipendiatar og postdoktorar. Dette set statsråden si avgjerd om å skrote kravet i 2025 i eit negativt lys. Til Khrono seier statsråden at ho no ønskjer å behalde fleire av desse forskarane i Noreg. Erkjenner derfor statsråden at det var feil å fjerne språkkravet, og vil ho dermed gjeninnføre det?
Ser ikkje statsråden at måten Riksantikvaren og statsråden her tolkar og praktiserer regelverket svekker legitimiteten til lovgjevinga og skapar politikarforakt?
Kva vil justisministeren gjere for å sikre at kommunar og andre partar, som Vest politidistrikt si potensielle omorganisering får konsekvensar for, får innsyn i og delta meir aktivt med innspel i den prosessen Vest politidistrikt no har gåande.
Eit fleirtal på Stortinget slo i november fast at også fjernbetente butikkar skal kunne selje alkoholhaldige varer. Statsråden lova å finne løysingar raskt. Det sa statsråden også i samband med spørsmål i Stortinget tilbake i 2024. No skriv vi 2026 og vi får framleis meldingar om butikkar som ikkje får løyve til å selje alkohol i tida butikken er fjernbetent fordi kommunane har fått vedtaka sine overprøvde av Statsforvaltaren. Kva vil statsråden gjere for å få fortgang i saka og sikre at Stortinget sitt klare vedtak blir følgt opp?
Vil statsråden ta grep for å sikre at elevar som fullfører skuleløpet sitt denne våren ved Jotunheimen privatistskule får rett på førstegongsvitnemål?
Vil statsråden gripe inn og hindre nedlegging av Førdekontoret og andre sentraliserande grep som Innovasjon Norge no varslar?