Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet · Vestfold
Født 1966-08-11
Komiteer
Siste voteringer
Siste spørsmål
Korleis vil statsråden sikra at ordninga med fritt val av behandlingsstad faktisk fungerer i praksis for ruspasientar, når fleire aktørar melder at økonomiske omsyn i sjukehusa i realiteten avgrensar pasienten sitt val?
Kva har statsråden konkret gjort for å betre tilbodet til menneske med alvorlege rus og psykiske lidingar eitt år etter at Riksrevisjonen gav si sterkaste kritikk av ROP tilbodet, og korleis meiner statsråden at tiltaka som er sette i verk møter dei manglane Riksrevisjonen peika på?
Når sjukdomsbremsande behandling mot Alzheimer, som står for rundt to tredelar av alle demenstilfelle, no er godkjend i EU og blir rulla ut i fleire nordiske land, kvifor har ikkje regjeringa sørgt for at Noreg er klar med tidleg diagnostikk og tilgang til behandling, slik at pasientar og pårørande får hjelp før sjukdommen blir alvorleg – i staden for at me ventar til folk treng sjukeheim og kommunane tek den største rekninga?
Hvorfor tilbyr ikke det offentlige helsevesenet hypoglossal nervestimulering (HGNS/Inspire) som behandling for pasienter med obstruktiv søvnapné som ikke har nytte av eller tolererer CPAP, når behandlingen benyttes i flere sammenlignbare land, og hva vil statsråden gjøre for at denne pasientgruppen får et reelt behandlingsalternativ i Norge?
Kan statsråden legge frem de konkrete, fagfellevurderte kildene som underbygger påstanden om «ingen nedre trygg grense» for solarieeksponering, redegjøre for hvordan DSA sitt dose regnskap og den dokumenterte nedgangen i solariebruk er vektet i beslutningsgrunnlaget, og bekrefte at det vil foreligge en oppdatert, samlet kunnskapsoppsummering før eventuelle innstramminger fremmes?
Korleis vurderer statsråden samanhengen mellom økonomisk press, høge levekostnader og dei folkehelseutfordringane som blir dokumenterte i folkehelseundersøkingane i Vestfold og elles i landet, og meiner statsråden at dagens nivå på skattar og avgifter bidrar til betre folkehelse – eller til å forsterka ensomhet, psykiske plager og utanforskap?
Kva meiner statsråden er årsaka til at fleire personar med alvorlege psykiske lidingar og ruslidingar døyr for tidleg, og erkjenner statsråden at manglande kapasitet og for dårleg oppfølging i psykisk helsevern og rusbehandling bidrar til at fleire i denne gruppa mistar livet?
Kvifor tek ikkje regjeringa ansvar for å ferdigstilla den statlege infrastrukturen som trengst for å ta Kopstad godsterminal i bruk, når terminalen kan avlasta Alnabru, har klare beredskapsfordelar og openberr allmenn samfunnsnytte?
Meiner statsråden det er forsvarleg helsepolitikk at pasientar som har fungert utan smertestillande medisinar i årevis, blir gjort meir medikamentavhengige som følgje av ei byråkratisk refusjonsendring – og vil statsråden ta initiativ til å reversere denne avgjerda?
Vil statsråden vurdere å tillate tobakksfri snus i Norge, slik at dette kan gjøres tilgjengelig for personer som ønsker et mindre helseskadelig alternativ?